|
Verksemda
Du kan også lese Runde
Miljøsenter sin rapport til Nordisk Råd (PDF
- 5MB)
Personar med tilknyting til Runde
Miljøsenter
Klikk her for meir info
Drift
Stasjonen blir driven av Runde Miljøsenter AS. Dette
selskapet vart stifta i 2004 og er eigd av Lars Golmen, Hans
Petter Runde, Greta Garnes og Nils-Roar Hareide. Runde Miljøsenter vart offisielt opna i oktober 2009.
Selskapet
arbeider med å legge til rette for at forskingsinstitutt,
universitet og andre kan kome til Runde for å drive
forsking. I tillegg samlar selskapet inn grunnleggande
miljødata både frå sjø og land, og er engasjert i ei rekkje forskingsoppdrag. Eit døme på det er "Den
grøne korridor".
Runde Miljøsenter legg til rette for at forskarar frå resten
av verda kan kome til Runde og samle data og materiale, teste
utstyr, analysere måleseriar og skrive rapportar.
Stasjonen samlar inn
grunnleggande miljødata som er tilgjengeleg
for forskarar som vitjar senteret, og for forskarar som arbeider
med til dømes klimaendringar, fugleforsking og fiskeriforsking. NIVA leiger to kontor ved senteret,som i tillegg har kontorplassar for gjestande forskarar.

Opptaking av forsøksrigg i Storfjorden september 2005.
Prosjektet var gjennomført av RITE, Japan og NIVA,
Noreg.

Runde Miljøsenter AS set ut målebøye i
Onadjupet, November 2005.
Prosjekt i regi av NIVA på oppdrag frå Norsk Hydro.

Kart over hamneområdet på Runde.
Skravert område viser tomta der stasjonen ligg.
Bygget har vesentleg høgare miljøkrav enn
vanlege bygg. Målet er null utslepp, låg energibruk og høg grad av gjenvinning og resirkulering.
Bygget er eit ”forbildeprosjekt” som skal
vere med på å utvikle og formidle kunnskap om
miljøvennlege byggemetodar og energibruk. Det er lagt vekt på at arkitektonisk utforming og byggtekniske
løysingar skal optimalisere energibruk og innemiljø,
og minimalisere utslepp. Det er brukt ulike energiforsyningsløysingar
(sol, bio, varmepumpe, gass og biogass) som samhandlar med kvarandre. Runde Miljøsenter fekk den nasjonale VVS-prisen 2010 for dei miljøvennlege og framtidsretta teknologiske løysingane sine.
Til Toppen
|