English   Deutsch

  Hovedside
  Prosjekt
 
EfficienSea
Havovervaking med undervassfly
ROV til miljøovervaking
Overvaking av havforsuring i Møre og Romsdal
Kompetansesenter for havenergi
”Frå vogge til vogge” på Runde
Deepnet
Spøkelsesgarn
Oppreinsking av garn langs Norskekysten
Regelverk for blåkveitefiske med garn
Undersøkingar av miljøgifter i Storfjorden
Testing av geologisk lagring av CO2
Bølgjekraftverk
Nye målingar i "Den grøne korridor"
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Spøkelsesgarn (Ghost fishing)

Tapte garn medfører eit betydeleg skjult fiske og tap av viktige ressursar, og Runde Miljøsenter er ein sentral aktør i Europa innan arbeidet med å redusere dei problema tapte garn medfører.

På oppdrag frå irske myndigheiter leia Nils-Roar Hareide sommaren 2006 eit tokt til Rockall og Porcupine-banken der formålet var å tråle opp tapte garn. Toktet vart gjennomført med den irske trålaren India Rose. Eit tilsvarande tokt vart gjennomført i 2005 (Opprensking av tapte fiskeredskaper i 2005 (PDF - 0,8 MB)).

Toktet i 2006 starta 18. juli og varte til den 13. august. Første del av toktet vart avslutta i Killybegs den 28. juli. Resultata frå første to veker av toktet viser at ein fekk opp ca. 10 km med garn, ca. 5 km med diverse tauverk og nokre meter med wire.

Alle garna vart funne i søraustkanten av Rockall-banken på 400 til 800 meters djup, der det vart sokna i 5 dagar. Det vart ikkje funne garn på djup mellom 800 og 1400 meter. Ein var ved fleire høve i kontakt med garn som stod så djupt, men det let seg ikkje gjere å hale dei heilt opp til overflata før dei vart avslitne.Toktet viste at der er mykje tapte garn på Rockall-banken, og at det er vanskeleg å få opp garn som er mist på djupare vatn enn 800 meter.

I dei undersøkte områda vart det gjennomført oppreinsking i berre ein svært liten del, og desse områda utgjer berre ein liten del av det området der ein reknar med at det er mist garn. Det totale området er av storleiksorden minst to gongar så stort som Irland. Det kan difor synest som ei uoverkomeleg oppgåve å reinske opp alle garna som er mista der.

For framtida er det naudsynt at dei som fiskar med garn gir beskjed om posisjon på tapte garn slik at dei kan takast opp igjen på ein effektiv måte. Det er dessutan lite truleg at det kan late seg gjere å drive effektiv garnopprensking på djupare vatn enn 800 meter.


SØK

Report:
Irish Gillnet Retrieval Survey for Lost Gear (PDF – 2,5 MB)

Report:
Western Edge Ghost Nets (PDF – 1,3 MB)

Rapport:
Opprensking av tapte fiskeredskaper i 2005 (PDF - 0,8 MB)

Report:
Gillnet Retrieval Survey 2006 (PDF - 2,9 MB)