|

Vaffelhjarte på TV fredag
10. oktober 2011
Odd Nordstoga las boka "Vaffelhjarte" av Maria Parr for borna sine. Han vart så rørt at han kontakta NRK og bad om å få lage musikken, då han høyrde at boka skulle bli TV-serie. Fredag 14. oktober er det sendestart på NRK Super.
Nordstoga er ikkje den einaste vaksne som har blitt treft i hjarterøtene av historia om Trille og Lena i "Vaffelhjarte". Boka er seld i 80 000 eksemplar i store delar av verda, er omsett til tretten språk og har fått mange prisar. Maria Parr blir nemnd i same klasse som Anne Cath. Vestly og Astrid Lindgren.
Familieserie
Dei sju episodane som blir vist på NRK Super denne hausten er ikkje berre for barn, det er ein TV-serie for heile familien. Den handlar om avgjerande ting som er viktige for menneske i alle aldrar: Vennskap, kjærleik, døden, sakn – men også om dei gode vaflane til tante-farmor. Og om jonsokbål, bursdagsfeiring og fotballsparking.
NRK-staben budde hos Runde Miljøsenter under innspelinga av ute-scenene i februar og juni. I serien har Goksøyra blitt til den vesle bygda Knert-Mathilde, der hovudpersonane Trille og Lena bur. Lena er bestevennen til Trille. Men han er ikkje heilt sikker på om han er bestevennen hennar………
Lokale hovudroller
Kjente skodespelarar som Nils Sletta, Anne Marit Jacobsen, og Odd Nordstoga, spelar nokre av dei vaksne rollene. Men hovudrollene som Lena og Trille er det Dagni Myrene frå Ulstein og Simon Voldsund frå Herøy som har. Klippa som så langt er viste frå serien, tyder på at dei har greidd jobben på ein glimrande måte.
Storslagen natur
Naturen på Runde er like storslagen vinter som sommar, og den er ei praktfull ramme rundt historia om dei to borna som snakkar ekte og uforfalska dialekt. Første episode blir sendt i Barne-TV på NRK Super fredag 14. oktober kl. 18.10.
 Bestevener på brygga. Lena (Dagni Myrene) og Trille (Simon Voldsund). Foto: NRK
 Ein farfar kan brukast til mangt. Nils Sletta som farfar, Dagni Myrene som Lena og Simon Voldsund som Trille.
Foto: NRK
|