|
Runde Miljøsenter vertskap for “Vaffelhjarte”
14. oktober 2010

Maria Parr si bok Vaffelhjarte.
Foto: Samlaget
I februar og juni 2011 blir det fullt hus hos
Runde Miljøsenter. NRK har bestemt å spele inn
TV-serien “Vaffelhjarte” på Runde, og no
er det endeleg avgjort at staben skal bu i leilegheitene
til miljøsenteret.
TV-serien “Vaffelhjarte” er basert på debutboka
til Maria Parr frå Vanylven, som ho fekk Brageprisen
for. Det skal bli 7 episodar om dei to aktive ni-åringane
Trille og Lena, og familiane deira. Produksjonsteamet har
besøkt mange stader på Sunnmøre på jakt
etter rette plassen å gjere opptaka på, og landa
altså på Runde. Første del av opptaka
startar i februar og vil vare i om lag ein månad. Sommaropptaka
skal skje i juni. Dei fleste innandørsopptaka skal
etter planen skje i Oslo.
Kven som skal spele hovudrollene i TV-serien er enno ikkje
bestemt. Men det som er sikkert, er at innspelinga vil gå føre
seg på store delar av øya, og at det vil bli
bruk for mange statistar.
|