|

Runde Miljøsenter søkjer dagleg leiar
23. februar 2011
Runde Miljøsenter opna i juni 2009 og framstår i dag som eit attraktivt forskingsmiljø og som feltstasjon innan maritim miljøforsking. Oppdragsmengda innan forsking og utvikling er aukande, og noverande dagleg leiar skal fokusere meir på dette feltet.
Vi har difor ledig stilling som dagleg leiar
Den grunnleggande idéen med senteret er å etablere fasilitetar som kan trekke forskingsmiljø frå heile verda til Runde. Senteret har fasilitetar for overnatting, kurs, konferansar og forsking. Ved senteret er det òg under oppbygging eit informasjonssenter som skal formidle kunnskap om fugleliv, havmiljø, fiskeressursar og ikkje minst skatteskipet Akerendam. Det er i dag 10 tilsette ved senteret.
Stillinga er tillagt eit todelt ansvar:
Leiar for fellesadministrasjonen, herunder dagleg drift, økonomi, personal, IT og styrearbeid
og
leiar for kurs- og konferanseavdelinga, herunder marknadsarbeid, promotering, kontaktarbeid, booking, planlegging, gjennomføring og forpleining innanfor kurs- og konferansemarknaden
Vi søkjer
ein person som har brei kunnskap, helst på høgskulenivå, innanfor ansvarsområda som er nemnde ovanfor, og allsidig erfaringsbakgrunn. Spisskompetanse innanfor drift av kurs- og konferanse og hotell vil bli vektlagt, og det same vil gjelde kompetanse/erfaring innanfor IT/data og økonomi/rekneskap på rimeleg høgt nivå.
Arbeidsstaden er Runde Miljøsenter på Runde, og vi tilbyr løn etter avtale
Søknadsfrist 15.03.11
Kontakt for meir informasjon:
Dagleg leiar Nils-Roar Hareide (412 91 107) eller styreleiar Jan Driveklepp (909 36 506)
|