|

Teatersuksess på miljøsenteret fredag
11. oktober 2011
Teaterframsyninga "Helg" har samla stappfulle hus og hausta latter, tårer og strålande tilbakemeldingar på turneen i Trøndelag. Fredag 14. oktober blir stykket vist i storsalen ved Runde Miljøsenter.
- Spesielt artig er det at folk tek humoren, og særleg moro er det når der er ektepar i salen som har levd ei stund, seier Liv Hege Nylund, som er regissør og teatersjef ved Nord-Trøndelag teater. Ho fortel at uvanleg mange menn har kome til framsyningane i Trøndelag.
Mykje humor
Bakteppet for handlinga er sildefisket, som dette året sviktar etter tiår med gode fangstar. Notbasen Bjørn får ei uventa frihelg heime, hos kona Margit og sonen Benjamin. Dei er vande til å styre seg sjølve med far og mann ute på fiske, og det blir ikkje berre kjekt når han kjem heim, full av uro over framtida og usikker på sin eigen identitet som legendarisk bas. Her er det mykje humor som folk langs kysten kjenner seg att i!
Samarbeid
Teaterstykket er resultatet av eit samarbeid mellom Teatret Vårt i Molde, Trøndelag Teater og Nord-Trøndelag teater. Henning Sommero har komponert musikken, Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning spelar rollene som Margit og Bjørn. Stykket turnerer i alle tre fylka, og etter suksessen i Trøndelag, er turen no komen til Møre og Romsdal – og altså Runde.
Spesiell middag
Ved Runde Miljøsenter handlar det om ressursane i havet også etter teaterframsyninga. Då blir den spesialkomponerte menyen "Buffét i havgapet – med innslag av sild" servert i kaféen, med passande drikke til. Dei som ønskjer å vere med på middagen må melde seg på på førehand, her er det avgrensa med plassar. Billett berre til teaterframsyninga kan også tingast på førehand, eller kjøpast ved inngangen.
Runde Miljøsenter
Fredag 14. oktober kl. 18.
Billett teater og buffét: Kr. 590,- pr. pers. Drikke til maten er ikkje inkludert i prisen.
Billett berre til teaterframsyninga: Kr. 200,-

Teatret Vårt - HELG. Foto: Teatret Vårt

Teatret Vårt - HELG. Foto: Teatret Vårt

Teatret Vårt - HELG. Foto: Teatret Vårt
|