English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Målestasjon for radioaktiv stråling på Runde

08. juli 2010
Statens strålevern etablerte våren 2010 ein målestasjon for radioaktiv luftforureining på Runde. Målingane er del av eit landsdekkjande nettverk, RADNETT, med 30 målestasjonar som er knytt til ein døgnoperert sentral. Stasjonen måler gammastråling som det finst ein viss del av alle stader (frå t.d. Radon), men som i tilfelle av atomulukker vil auke i påverka område. Stasjonsnettet bidreg til å gje eit tidleg varsel i tilfelle radioaktiv luft eller nedbør kjem innnover Norge, og det er eit verkty for Kriseutvalet for atomberedskap i tilfelle ei krise har oppstått. Runde miljøsenter fører dagleg tilsyn med målestasjonen på Runde som frå før utfører ulike typar målingar i luft og hav.

Meir informasjon om Statens strålevern sitt målenettverk finst her: http://radnett.nrpa.no/

SØK