|

Glade forskarar ved Runde Miljøsenter, Roger Kvalsund og Svetlana Tjervåg. Foto: May Britt Haukås.
Jubel over støtte
05.mai 2011
Gleda var stor ved Runde Miljøsenter då meldinga kom om vedtaket i Nærings- og miljøutvalet i fylket: Forskingsavdelinga får nær ein million kroner til utvikling av avdelinga.
Forskingsavdelinga ved Runde Miljøsenter er under oppbygging, og det manglar ikkje på viktige oppgåver å ta fatt på. Løyvinga på 850 000 kroner frå fylket sikrar at forskarane kan bruke tid mellom anna på å utarbeide søknader, samle inn bakgrunnsstoff, systematisere eigne innsamla data og etablere nettverk med både nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Målet er å bli eit kraftsentrum og ei plattform for kunnskapsbasert næringsutvikling i regionen.
Vidare vekst
Med løyvinga frå fylket, og like mykje frå miljøsenteret sjølv, får forskingsavdelinga eit løft og kan utvikle seg vidare. Med desse inntektene er grunnlaget lagt for å gi fleire forskarar ein trygg arbeidsplass ved senteret. Dette er godt nytt også for næringsliv, skuleverk og folk flest i regionen: Runde Miljøsenter har tenkt å auke, og formidle, kunnskapane om marine ressursar, fugl og miljø.
Les om vedtaket her: Møre og Romsdal fylkeskommune
|