English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Runde Miljøsenter

Seminar om miljøhus torsdag 10. mars

24. februar 2011

Passivhus, aktivhus, økohus: Dei som vil bygge miljøvennleg har mykje å setje seg inn i, og mykje å velje mellom. Derfor blir framtidas miljøbustader tema for eit seminar ved Runde Miljøsenter i mars.

Det er ikkje enkelt å orientere seg om alle alternativa som finst, korkje for den som skal bygge hus for første gong, for bransjen, arkitektar eller sakshandsamarar i kommunane. Kva for metode og materialar gir det sunnaste inneklimaet for dei som skal bu der, og kva er eigentleg skilnaden på miljøvennlege og tradisjonelle hus?

Mange metodar
Dei seinare åra har mange vald å bygge tette passivhus med mekanisk ventilasjon. Her er fokuset først og fremst å redusere energikostnadane. I aktivhus er fokuset pustande konstruksjonar av miljøvennlege materiale, og med naturleg ventilasjon. Øko-solhus er ein variant etter hus-i-hus prinsippet, der fokuset både er energisparing og sunt inneklima. Det finst også fleire alternativ for å bygge i massivtre. Men kva er fordelane og bakdelane med dei ulike metodane og materiala? Og er dei nye byggeforskriftene tilpassa miljøvennlege byggemetodar?

Ekspertane kjem
Seminaret Runde Miljøsenter og Herøy Næringsforum inviterer til torsdag 10. mars har som mål å gi svar på mange av desse spørsmåla. Framtidas miljøhus i distrikta er overskrifta, og forelesarane kjem m.a. frå fagmiljø som jobbar med ulike miljøvennlege løysingar.

Initiativtakar Lise Chapman ved Runde Miljøsenter seier at fleire og fleire ønskjer å bu i miljøvennlege hus, og at det er behov for auka kompetanse på dette området i regionen. Ho oppmodar både bransjefolk og næringslivet elles, kommunar og folk med byggeplanar om å bruke denne sjansen til å lære meir om utviklinga som no skjer på miljøhus. Deltakaravgifta er 1500 kroner og inkluderer kaffi og lunsj.

 

Påmelding

Påmeldingsskjema fin du på denne lenken

Påmeldingsfristen er 7. mars.

 

 

SØK