English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Rundeskatten på TV

15. november 2011

Dokumentarfilmen om Rundeskatten er snart ferdig. Torsdag 1. desember blir den vist på NRK1 kl. 19.45

Tidleg i vår var reporter Gry Molvær og fotograf Tor Sivertstøl på Runde Miljøsenter for å lage ein reportasje om Rundeskatten til programmet Schrödingers Katt på NRK1. Dei vart så begeistra over historia dei fekk høyre, at ideen om å lage ein heil dokumentar vart fødd.

Spennande historie
Begeistringa smitta, og Gry Molvær fekk ja til å gå i gang. Før sommarferien kom ho tilbake til Runde, denne gongen i lag med fotograf Per Ingvar Rognes. Dei gjorde opptak over fleire dagar, både inne i utstillinga av Rundeskatten og andre stader på og ved øya. Denne gongen var også fleire av hovudpersonane bak funnet med.

Gjensyn
Dei tre dykkarane som fann myntane frå Rundeskatten i 1972 mista kontakten, og har ikkje sett kvarandre på over 30 år. Spenninga var derfor stor då Øystein Krohn-Dale, Bengt Olof Gustavson og dottera og kona til Stefan Persson møttes igjen på Runde Miljøsenter. Stefan Persson var dessverre sjuk og kunne ikkje kome sjølv. Men dei fire som møttes fann tonen frå første stund. Det var svært spesielt for dei å få sjå kvarandre igjen, og mimre om alt som skjedde den gongen for 39 år sidan, og i åra etterpå.

Akerendam
Det var i juli 1972 at dei tre dykkarane fann ein av dei største myntskattane som nokon gong er tatt opp frå ein vrakstad i havet. Nesten 60 000 myntar vart plukka opp frå Kvalnesbukta, der den nederlandske ostindiafararen "Akerendam" forliste i 1725. Men historia om Rundeskatten starta med ei frykteleg tragedie, der 200 menneske omkom.
Den norske stat sin del av myntane vart delt mellom Myntkabinettet i Oslo og Sjøfartsmuseet i Bergen. Sistnemnde fekk også ansvaret for alt det kulturhistoriske materialet frå funnet.
I januar 2011 var alle løyve i orden, og Runde Miljøsenter henta heim til Runde den delen av skatten som til då hadde vore oppbevart i Bergen. Utstillinga av Rundeskatten vart opna til påske 2011.

Dokumentar
Den 39 minutt lange dokumentarfilmen om Rundeskatten er laga i samarbeid med svensk TV, og vil truleg også bli seld til fleire andre TV-stasjonar rundt om i verda. Men først ut er NRK1, torsdag 1. desember kl. 19.45


Øystein Krohn-Dale (t.v.) og Bengt Olof Gustavsson fann straks tonen då dei møttes igjen etter 30 år. Foto May Britt Haukås, Runde Miljøsenter

Klart for opptak. Gry Molvær intervjuar Øystein Krohn-Dale og Bengt Olof Gustavsson. Fotograf Per Ingar Rognes filmar. Maj Persson, dottar til Bengt Olof Gustavsson i bakgrunnen. Foto May Britt Haukås, Runde Miljøsenter.
SØK