|

Planar for Rundeskatten
09. januar 2011
Etter nesten 40 år hos Bergen Sjøfartsmuseum,
er Rundeskatten endeleg heime igjen. Runde Miljøsenter
har tatt over ansvaret for funnet, og skal stille ut delar
av det om kort tid.
Tanken om å få Rundeskatten heim igjen og stille
den ut ved Runde Miljøsenter er ikkje ny. Heilt
sidan planlegginga av senteret starta, har grunnleggjarane
hatt funnet i tankane, og har derfor også bygd utstillingslokale.
Men det har vore ein lang prosess. At Bergen Sjøfartsmuseum,
Myntkabinettet og Riksantikvaren til slutt godkjente flyttinga,
er resultat av målretta og vedvarande jobbing.
Hovudgrunnane til at Runde Miljøsenter til slutt
fekk ta over deponeringsansvaret, er dei gode utstillingslokala
ved senteret, avtalen med Sunnmøre museum om lagringsplass
i det topp moderne magasinet deira, og at myntmaterialet
blir oppbevart i bankboksar når dei ikkje er utstilte.
Utstilling
Store delar av gjenstandane og myntane frå Rundefunnet
skal stillast ut permanent i det store informasjons- og
opplevingssenteret som er under planlegging ved Runde Miljøsenter.
Men det vil ta tid før dette står ferdig.
Derfor blir det først ei midlertidig utstilling,
slik at publikum skal få høve til å sjå litt
av det skatten inneheld.
Arbeidet med den midlertidige utstillinga startar med
ein gong, og den vil bli opna så snart den er klar. Dato
er ikkje fastsett enno, men vil bli offentleggjort så snart
utstillinga er ferdig.
Bygget og senteret
Runde Miljøsenter leiger lokala sine av Runde Miljøbygg.
Bygget er realisert fordi så mange trudde på planane
om ny aktivitet og nye miljøarbeidsplassar på øya.
Sjølv om privatpersonar står bak, har det
vore heilt grunnleggjande at Innovasjon Norge, Møre
og Romsdal fylkeskommune, Herøy kommune og lokalt
næringsliv gjekk inn som aksjonærar i Runde
Miljøbygg. Det gjorde det mogeleg å bygge
senteret, som vart offisielt opna i oktober 2009.
Gode hjelparar
Mange har bidrege til at Runde Miljøsenter har lukkast
med å få Rundeskatten heim igjen. Spesielt
vil vi takke Hurtigruten og kaptein Harald Otervik for
trygg og gratis transport, der kapteinen sjølv tok
ansvaret for myntane under heile reisa.
Sparebanken Møre i Fosnavåg og banksjef Per-Ronald
Knutsen har tatt på seg vertskapsrolla for myntane
når dei ikkje er utstilte, og stiller bankboksar
til rådvelde. Sparebanken Møre har også gitt
senteret ein innbrotssikker monter til myntane.
Herøy Næringsforum har bidrege til finansieringa
av modellen av Akerendam, og til arbeidet med flyttinga
av skatten.
Møretrygd har bidrege til finansieringa av monteren
til Akerendam. Modellen er bygd av Robert Pareliussen.
Sunnmøre
museum leiger oss plass til det kulturhistoriske materialet
i det nye og moderne magasinet sitt, der både
temperatur og luftfuktigheit gir gjenstandane gode forhold.
Amanuensis
Arild Marøy Hansen ved Bergen Sjøfartsmuseum
har vore uvurderleg som kontaktperson og fagmann. Utan
støtta frå han hadde Rundeskatten framleis
vore i Bergen.
Mange andre har også vore involverte
i prosessen med oppmuntring og gode råd, og det har
betydd mykje for motivasjonen. Runde Miljøsenter
takkar alle som har hjelpt oss med å få Rundeskatten
heim.

På plass i reolane ved Sunmøre museum.
Foto: Suel Kassembo.

Amanuensis ved Bergens Sjøfartsmuseut Arild Marøy Hansen
med eit tinnfat og eit fat som ikkje er konservert.
Foto: Anna Garnes Hareide.

Framme ved Sunnmøre muesum
Foto: Suel Kassembo.

Beltespenne i reint gull.
Foto: Suel Kassembo.
|