|

Rundeskatten
endeleg heime
06. januar 2011
Torsdag 6. januar 2011 er ein dato som
blir ståande i historia til Runde Miljøsenter:
Denne dagen henta vi Rundeskatten heim.
Myntane er no forsvarleg
låst inne i bankboksar hos
Sparebanken Møre, og det kulturhistoriske materialet
er trygt plassert i det topp moderne magasinet til Sunnmøre
Museum. Det var hurtigruteskipet Richard With som frakta
skatten heim frå Bergen - gratis.
I nærare 40 år har det kulturhistoriske materialet
og ein stor del av myntane frå Rundefunnet blitt
oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum. Men heilt sidan
planlegginga av Runde Miljøsenter starta, har det
vore tanken å prøve å få henta
skatten heim og stille den ut på senteret. Det har
vore ein lang prosess, men no er første del av planen
fullført. Det neste steget blir å lage til
ei midlertidig utstilling av delar av skatten, slik at
folk får sjå den.
På sikt skal store delar av Rundeskatten stillast
ut permanent ved Runde Miljøsenter. Senteret arbeider
med å bygge opp eit informasjons- og opplevingssenter,
som skal bli ein ny og stor attraksjon i regionen. Her
blir myntar og andre gjenstandar frå Rundeskatten
viktige element, i tillegg til modellen av Akerendam som
Robert Pareliussen har bygd for miljøsenteret.
Bilder frå reisa til Runde

På Bergens Sjøfartsmuseum ligg delar frå skipet Akerendam klar
til avreise.
Foto: Anna Garnes Hareide.

Amanuensis ved Bergens Sjøfartsmuseum Arild Marøy
Hansen viser
fram gamle funn
Foto: Anna Garnes Hareide.

May Britt Haukås frå Runde Runde Miljøsenter
følgjer spent med når amanuensis Arild
Marøy Hansen fortel.
Foto: Anna Garnes Hareide.

Dei verdifulle gulldukatane er no trygt innelåste
i bankboksar.
Foto: Anna Garnes Hareide.

Arkeolog Kjetil Sundsdal (t.v.) og amanuensis Arild
Marøy Hansen ved Bergen Sjøfartsmuseum
og May Britt Haukås frå Runde Miljøsenter
viser fram litt av materialet i Rundefunnet.
Foto: Anna Garnes Hareide.

Det er mykje vekt i gamle myntar! Kapteinen om bord
i hurtigruteskipet “Richard With”, Harald
Otervik, tok personleg ansvar for myntane under reisa
frå Bergen. Her i lag med May Britt Haukås
frå Runde Miljøsenter.
Foto: Anna Garnes Hareide.

“Richard With” under Herøybrua,
på veg til Torvik og Ålesund med skatten.
Foto: Martin Jung Leine, Runde Miljøsenter.

Hurtigruta i ferd med å legge til i Torvik.
Foto: Martin Jung Leine, Runde Miljøsenter.

Mottakingskomiteen ventar på at kapteinen skal
kome med myntane. Frå venstre: Ordførar
Arnulf Goksøyr, dagleg leiar Nils-Roar Hareide,
Greta Garnes og May Britt Haukås frå Runde
Miljøsenter.
Foto: Martin Jung Leine, Runde Miljøsenter.

På plass i hvelvet til Sparebanken Møre
i Fosnavåg. Nils-Roar Hareide viser fram gullmyntane
til media, medan Greta Garnes ser på.
Foto: Martin Jung Leine, Runde Miljøsenter.

Banksjefen har godt grep om verdiane. Per Ronald Knutsen
og Sparebanken Møre i Fosnavåg er vertskap
for myntane når dei ikkje er utstilte ved Runde
Miljøsenter, og har dei trygt plasserte i bankboksar.
Foto: Martin Jung Leine, Runde Miljøsenter.
|