|

Møt våren på Runde i påska
25. februar 2011
Kvikklunsj og blodappelsin høyrer påska til, men smakar like godt i fjøra eller i fuglefjellet som på ski i fjellheimen. Runde Miljøsenter har tilbod på utleige av leilegheiter i påska.
Mange er leie av vinteren og lengtar etter våren når det nærmar seg påske, ikkje minst når den kjem så seint som i år, i midten av april. Eit godt alternativ då kan vere å bu nokre dagar i ei av dei fine leilegheitene til Runde Miljøsenter.
I april er våren i full gang her ute i havet. Fuglane er tilbake, og det yrer av liv både i lufta, ved sjøen og i fuglefjellet. I havet er det fisk, og over alt på øya er det fint å gå turar uansett ver.
Påsketilbod
Runde Miljøsenter har åtte leilegheiter for utleige, kvar av dei med sengeplassar til fem personar. Der er eitt dobbelt soverom, eitt enkeltrom og dobbel sovesofa på stova. I tillegg er der eit flott bad, og fullt utstyrt kjøkken. Alle leilegheitene ligg rett ved sjøen og har storslagen utsikt.
I påska reduserer vi utleigeprisen, og tilbyr følgjande:
Frå fredag 15. til onsdag 20. april: Kr. 6000 pr. leilegheit.
Frå onsdag 20. til måndag 25. april: Kr.6000 pr. leilegheit.
Oppreidde senger, handdukar og vask til slutt er inkludert, og prisen er basert på at gjestane sjølve ordnar seg med mat.
Bestilling
booking@rundecentre.no
eller
telefon +47
700 80 800
Foto: Lise Chapman
|