|
Opning av Kompetansesenter for havenergi
Runde Miljøsenter inviterer
til seminar for å markere
opninga av kompetansesenteret for havenergi - Torsdag 28. oktober
2010.
15. oktober 2010

Brenningar ved Runde.
Foto: Knut Werner Alsén
Havenergisenteret er eit nytt
prosjekt ved Runde Miljøsenter,
der vi har som mål å etablere eit nasjonalt kompetansesenter
der havenergien verkeleg finst: På Runde. Hit skal
skuleelevar, industri, forskarar og publikum generelt kunne
kome og få kunnskap
om fagfeltet energi frå havet.
Havenergisenteret er finansiert som eit spleiselag mellom
Energiregion Møre og støttespelarar frå lokal
og internasjonal industri.
Vi ønskjer å markere opninga av havenergisenteret
ved å invitere til eit dagsseminar om bølgjekraft,
og potensialet dette representerer for oss alle, både
unge og gamle, lokale og turister, industri og akademia.
Tema
Norsk og internasjonal bølgjekraft si historie
Professor Johannes Falnes har jobba med bølgjeenergi
gjennom ein lang karriere og er ein av landets fremste ekspertar
på utviklinga av bølgjekraft. Han vil gi oss
eit oversyn over historia og utviklinga innan bølgjekraft
- og kanskje gi oss gode råd for framtida med på kjøpet...
Havenergisenteret - kva skal vi tilby?
Vi ønskjer å presentere oss sjølve og
det arbeidet vi har framfor oss, og å forklare kva
for nytte du som skuleelev, forskar, næringsdrivande,
politikar eller vanleg innbyggar kan ha av å ha eit
kompetansesenter til rådvelde.
Tidspunkt
Torsdag 28. oktober 2010, kl. 10.00 - 14.00
Det er gratis å delta, og havenergisenteret spanderer
lunsj
Program
| 10.00 - 10.15 |
Kaffi og litt å bite i |
| 10.15 |
Velkomen og introduksjon til havenergisenteret
ved Martin Jung Leine |
| 10.45 |
Professor Johannes Falnes:
"Havbølgjeenergi: potensial og status" |
| 12.15 - 13.00 |
Lunsj |
| 13.00 |
Om planene vidare for havenergisenteret og bølgjekraft
ved Runde |
| 13.30 |
Opning av kompetansesenteret
ved fylkesvaraordfører Svein Atle Roseth |
| 14.00 |
Slutt på offisiell del av opninga |
| 14.00 - |
Omvisning på Runde Miljøsenter for interesserte |
Påmelding:
Seinast 25. oktober til
martin@rundecentre.no
Tlf: 70 08 08 11 / 481 81 302
Info om sponsorer:
Kompetansesenter for havenergi er støtta av Møre & Romsdal
Fylkeskommune, Herøy Kommune,Herøy Næringsforum,
Rolls-Royce Marine, Vattenfall, Tussa, Jets og NIVA
|