English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Kompetansesenteret for havenergi offisielt opna:
Vil bli landets fremste kunnskapsbase

29. oktober 2010


Frå venstre: Prosjektleiar for Kompetansesenter for havenergi ved Runde Miljøsenter, Martin Jung Leine, Fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth og professor Johannes Falnes. Foto: May Britt Haukås

-“Noen stjeler fra de som kommer etter oss”. Professor Johannes Falnes frå NTNU i Trondheim siterte frå songen til Lillebjørn Nilsen på Runde Miljøsenter torsdag. Den aktive 78-åringen er den fremste eksperten på bølgjekraft i Norge, og han heldt hovudforedraget før Kompetansesenteret for havenergi vart offisielt opna.

- Det er ufornuftig når vår sivilisasjon på nokre generasjonar brukar opp ressursane naturen har brukt millionar av år på å lage, sa professor Johannes Falnes i foredraget sitt. Han har forska på bølgjekraft i nesten 40 år, og han meiner at satsing på rein, fornybar og berekraftig energi er den einaste vegen å gå, om vi skal unngå å stele meir frå framtidige generasjonar.

Men lett er det ikkje. Alt på slutten av 1700-talet vart det tatt patent på det første bølgjekraftverket. I Norge starta forskinga for alvor på 70-talet, med mellom andre professor Falnes i spissen. Men med oljen og jappetida på 80- og 90-talet gjekk løyvingane til denne typen forsking dramatisk ned her i landet. Då er det kanskje ikkje så rart at ingen enno har funne den perfekte løysinga: Eit bølgjekraftverk som produserer nok straum og som toler å stå i havet over tid. Professor Falnes fortalde fleire historier om kraftverk som er tatt av bølgjene dei skulle hente energi ifrå.


Professor Johannes Falnes.
Foto: May Britt Haukås

- Og dei som ikkje lærer av fortida, er dømde til å gjere same feila opp att! For slik er forskinga, forklarte han: Ein finn oftast ut kva som ikkje fungerer, men den kunnskapen blir sjeldan delt med andre, det er suksessane som blir publiserte! Derfor er det viktig at forskingsarbeidet ikkje stoppar opp, at kunnskapen blir delt, og at folk frå ulike fagmiljø samarbeider.

Og samarbeid med det maritime fagmiljøet i regionen var også eit moment fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth var oppteken av. Det var han som stod for den offisielle opninga av kompetansesenteret for havenergi. Møre og Romsdal fylke er ein av dei viktigaste bidragsytarane til senteret, og målet er mellom anna å formidle kunnskap til skular, politikarar, næringsliv og publikum generelt.

- Vi skal bli den fremste kunnskapsbasen i landet på energi frå havet. Når nokon lurer på noko som har med bølgjekraft, tide- eller osmosekraft å gjere, skal vi vere den første staden dei kjem på å kontakte for å få svar, slo prosjektleiar Martin Jung Leine fast.


Frå venstre: Lars Uggla, Vattenfall, professor Johannes Falnes og Martin Jung Leine. Foto: Helge Berstad
SØK