English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Nominert til "Årets nyskaper"

11. november 2011


Tor Sindre Steinsvik, Nils-Roar Hareide, Jan Driveklepp og Greta Garnes. Foto Torill Myren, Sunnmørsposten

Runde Miljøsenter er nominert til prisen "Årets nyskaper", som blir delt ut på Sunnmørskonferansen 17. november. Dette er andre gongen senteret er nominert.

"Årets nyskaper" er ein næringslivspris som er oppretta for å løfte fram bedrifter på Sunnmøre og Nordvestlandet som arbeider med utvikling og nyskaping, og som særleg har fokus på miljø. Dei som står bak prisen er Sunnmørsposten, Ålesund Kunnskapspark, Ålesund handelskammer og bankane Nordea, Sparebanken Møre og Sparebank1.

Andre gong
Runde Miljøsenter var også nominert første gongen prisen vart delt ut for to år sidan, men då var det Odim som trekte det lengste strået. I fjor var det ein av miljøsenteret sine nære samarbeidspartnarar, Jets AS, som fekk prisen.
Fem bedrifter er nominerte til prisen i år. Kven dei andre fire er, blir offentleggjort i Sunnmørsposten i tida fram til utdelinga 17. november.

Lise Chapman
Lise Chapman er ein av forskarane ved miljøsenteret.

Stor glede
Staben ved Runde Miljøsenter gleder seg stort over å vere mellom kandidatane til prisen i år igjen.
- Det viser at arbeidet vi har gjort så langt blir verdsett. Vi er i ferd med å ta ein posisjon innan miljøovervaking, formidling, ressursforvaltning og forsking som blir lagt merke til, seier Nils-Roar Hareide. Han har vore dagleg leiar for miljøsenteret sidan starten, men skal no konsentrere seg om å leie forskingsavdelinga. Tor Sindre Steinsvik tok denne veka over som dagleg leiar for senteret, som på få år har vakse til ein arbeidsplass for 14 personar. To av dei er forskarar frå Norsk Institutt for Vannforsking (NIVA), som leiger kontorplass ved senteret. Målet er å bli enno fleire:
- Berre siste månaden har vi inngått kontraktar om forskingsarbeid på 2,3 millionar kroner. Vi skal opprette enno fleire forskarstillingar etter kvart, og vi har også alt som trengs for å vere vertskap for eksterne forskarar frå inn- og utland som vil kome hit i periodar og jobbe med prosjekta sine, seier Hareide.

Gode hjelparar
Runde Miljøsenter vart offisielt opna 1. oktober 2009. Å bygge opp senteret til det det er i dag har vore svært krevjande.
- Det er takka vere mange gode hjelparar vi har greidd det. Utan støtta frå kommunen, fylket og lokalt næringsliv hadde det ikkje vore mogeleg, seier Hareide. Eit dyktig styre og flinke og engasjerte medarbeidarar har også vore avgjerande for suksessen – som altså kan bli kåra til "Årets nyskaper" 2011.


Roger Kvalsund og Svetlana Tjervåg samarbeider i mange forskingsprosjekt.

 

 

SØK