|

Kulturleiarane i dei sju kommunane
på Søre Sunnmøre fekk mellom
anna orientering om aktivitetane til Friluftsområdet
i Ålesund og omland på fellesmøtet i februar.
Kulturmøte på Runde
04. februar 2011
Samarbeid, både over kommune- og
fylkesgrenser, var tema då kulturleiarane i
kommunane på Søre Sunnmøre møttes
ved Runde Miljøsenter tidleg i februar.
Turkart, merking av turstiar, opplevingskort og samarbeid
også over
fylkesgrensa til Sogn og Fjordane: Det er berre litt av
det som stod på
saklista denne fredag.
Faste møte
Saman får ein til meir, og for små kommunar
er det nyttig å samarbeide også
om kultur. Det er grunnen til at sentrale fagpersonar frå alle
dei sju
kommunane på Søre Sunnmøre har formalisert
samarbeidet og møtest med jamne
mellomrom.
Kontakten med kulturavdelinga i Møre og Romsdal
fylke er også viktig, og på
dette møtet fekk deltakarane både orientering
om kulturkalenderen Kulturnett
og andre nyheiter frå sentralt hald.
Ut på tur
Også Geir Haugli frå Friluftsområdet
i Ålesund og omland var invitert, og
han fortalde om kva rådet jobbar med og kva dei har
av tilbod.
Eit anna tema var opplevingskortet for barn. Dette har
blitt ein suksess i
Å
lesund, som inneber at barn i familiar med dårleg økonomi
får delta på
ulike aktivitetar og arrangement dei elles ikkje ville
hatt råd til.
Deltakarane på møtet diskuterte om det kan
bli oppretta ei tilsvarande
ordning for barn på Søre Sunnmøre.
|