|
INVITASJON TIL LUNSJMØTE MED BISKOPEN
FREDAG 22.JANUAR 2010 KL 12-15
PÅ RUNDE MILJØSENTER.
Eg nyttar denne tidlege januarmorgonen til å ynskje
alle eit godt år 2010, og minner samtidig om arrangementet
i høve bispevisitasen der biskop Midttømme og
staben hennar ynskjer å treffe folk frå næringslivet.
Det er Herøy Næringsforum og Fosnavåg
Shippingklubb som har påteke seg å vere mellommann
for arrangementet. Dei har og vore rause nok til å ta
på seg kostnadane slik at Miljøsenteret kan by
oss på god mat og den beste atmosfære for møtet.
Dei innehar jo og ekspertisen nettopp på dette med det
gode miljø!
Som truleg kjent blir det korte innlegg ved Nils-Roar Hareide,
Per Sævik og Svein Gjelseth i tillegg til biskopen,
og tema går på tilhøvet mellom kyrkje og
næringsliv anno 2010 – kanskje ein noe uvanleg
problemstilling.
Hjartleg velkomne skal de vere!
Vonar flest mogleg har høve til å ta del!
Jens T. Johnsen.
Sokneprest i Herøy.
Sjå
Program for lunsjmøtet med biskopen (PDF)
|