English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Dokumentarfilm om silda

29. april 2011

Besøkande ved Runde Miljøsenter blir imponerte over informasjonen dei får om verdas største sildebestand. Fotograf Are Pilskog blei så inspirert at han no lagar dokumentarfilm om havets sølv.

Trass i at det har blitt forska på silda i nærare 100 år, er det lite kjent blant folk flest kor viktig bestanden av norsk vårgytande sild er for livet i havet langs heile Norskekysten. Derfor er det å formidle kunnskap om dei ufattelege rikdommane i havet rett utanfor senteret eitt av hovudmåla til Runde Miljøsenter.

Kystnære
Filmfotograf Are Pilskog vart så imponert over det han fekk høyre, at han lanserte tanken om å lage ein dokumentarfilm om silda. Det syntes dagleg leiar Nils Roar Hareide var ein svært god idé. Resultatet er eit samarbeid, der Runde Miljøsenter m.a. har bidrege med kunnskap og økonomisk støtte på 100 000 kroner til prosjektet.
Dokumentarfilmen skal visast på NRK1 til hausten, og blir også eit viktig element i det store informasjons- og opplevingssenteret som er under planlegging ved Runde Miljøsenter.

Sjå Sunnmørsposten sin artikkel om dokumentarfilmen her.

SØK
Artikkel i Sunnmørsposten