English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Spennande foredrag

1. september 2011

Å gjere opp status for årets hekkesesong i fuglefjellet på Runde, er sjølvsagt når Runde Miljøsenter inviterer til søndagsforedrag. Utviklinga av båten frå oldtida til i dag, og kva den har betydd for menneska, er eit anna tema som vil interessere mange.

Årets turistsesong er over, den første etter at Runde Miljøsenter etablerte utstillinga av Rundeskatten. Den har vore ein stor suksess, med over sju tusen besøkande sidan opninga til påske.
No har dei fleste turistane reist heim, og senteret har ikkje lenger open kafè og utstilling kvar dag. Men komande søndag og nokre søndagar til utover hausten blir det både høve til å sjå Rundeskatten og til å ta ein matbit i kafeen. I tillegg inviterer senteret til interessante foredrag om aktuelle og engasjerande tema.

Foredrag

Første foredragshaldar blir ornitolog Alv Ottar Folkestad. Alle som er interesserte i utviklinga i fuglefjellet på Runde bør krysse av søndag 18. september i kalenderen. Då vil Folkestad fortelje om korleis det har gått med hekkinga for dei ulike artane i år, og om utviklinga i det som er det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia.
Menneska har bygd båtar til ulike formål heilt sidan oldtida. Men kva har båten betydd for menneska si utvikling, og korleis har båtane endra seg opp gjennom tidene? Søndag 2. oktober kjem Roald Sporstøl til miljøsenteret for å fortelje om det.
Det kan også bli aktuelt å tilby fjørevandring med følgje av ein av marinbiologane ved senteret ein søndag når det er fjøre sjø på dagtid.

Arrangement

Sjølv om sommarsesongen er over for i år, er det råd å besøke Runde Miljøsenter også utanom dei søndagane senteret har ope. Dei åtte leilegheitene ved senteret er til utleige heile året, og grupper som bestiller på førehand kan både få sjå utstillinga av Rundeskatten og få servert nydeleg heimelaga mat.
Senteret har svært gode fasilitetar og eignar seg glimrande til kurs, konferansar, møter og andre tilstellingar.

Les meir om opningstider og billettprisar her.

SØK