|

Nytt lakseeventyr?
20. september 2011
I boka si "Lakseeventyret" fortel forfattar og ihuga laksefiskar Svein Aam om det eventyrlege fisket i sjøen og elvar som Bondalselva og Ørstaelva på 70-talet, og om den tragiske utviklinga for villaksen. Etter årets sesong lurer han på om han må skrive slutten på boka om igjen…… ! Søndag held han foredrag ved Runde Miljøsenter.
Sidan han fiska første laksen sin som 12-åring, har Svein Aam vore ein pasjonert laksefiskar. Han har opplevd det makelause laksefisket i sjø og elvar, og folkelivet som var knytt til villaksen. Og han har vore med på nedturen. Også som journalist i Sunnmørsposten og NRK, med fiskeri og havbruk som spesialfelt, har han følgd utviklinga tett.
Slaget om drivgarn
Området utanfor Runde er kjerneområdet for innsiget av laks til elvane på Sunnmøre. Her var eit omfattande og viktig fiske både med drivgarn, kilenot og dorg.
- Då dei tapte kampen og det vart forbod mot drivgarnfisket, var det det største nederlaget for Norges Fiskarlag nokon gong, seier Aam. Denne kampen blir sjølvsagt eit tema i foredraget.
Eventyr
- Laksen har vore ei eineståande kjelde til oppstyr, krangel og glede, held han fram. I boka fortel Aam mellom anna om Krede-Jo, Lakse-Einar, og lakselorden som ikkje kunne fiske. Veteranar fortel sjølve om storfangstane sine i Ørstaelva, og om "Sirkus Bondalselva" på 70-talet. Garnfiskarar opnar protokollane sine der fangsten er notert gjennom femti år. Tjuvfiskarar røper korleis dei lurte lensmannen og drengane hans.
Optimisme
Boka er rikt illustrert, mellom anna med mange bilde som ikkje har vore publiserte tidlegare. Aam fortel om utviklinga for villaksen i elvar som Bondalselva og Ørstaaelva. Han fortel om drivgarnfisket, laksefisket i Hjørundfjorden, og sjølvsagt også om oppdrettsnæringa. Boka sluttar med den heilsvarte sesongen i 2009, men no lurer Aam på om han må skrive eit nytt kapittel: Kan dei gode fangstane i årets sesong tyde på at lakseeventyret er på veg tilbake?
Boksal
Foredraget ved Runde Miljøsenter komande søndag blir krydra både med unike filmsnuttar og foto, og etterpå blir det høve til å få kjøpe signerte bøker.
Middag og skatt
Kafeen ved Miljøsenteret serverer mellom anna thai-mat til middag denne søndagen, og også utstillinga av Rundeskatten blir open. Billettar til foredraget og til utstillinga er til sals i kafeen.
|