English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Gratis søndagsforedrag på Runde Miljøsenter

31. oktober 2010:
Forfattar Ole M. Ellefsen fortel om ulykker til sjøs.


Ole M. Ellefsen held gratis søndagsforedrag 31. oktober 2010. Foto:Roger Engvik

Søndag 31.oktober 2010 inviterer vi igjen til gratis foredrag kl. 15 ved Runde Miljøsenter. Tema blir eitt som mange i regionen vil vere spesielt interesserte i: Ulykker til sjøs.

Ole M. Ellefsen er til dagleg styrar ved Aalesund Museum. Men han er også forfattar, og har skrive fleire bøker om kystens folk og livet på og ved havet. I 2004 kom boka om Ole Brude og mannskapet hans si strabasiøse ferd over Atlanterhavet i det såkalla “Brude-egget”, verdas første overbygde livbåt. Båten er i dag utstilt ved Aalesund Museum.

Ellefsen har også skrive om folk og levemåte ved Hustadvika, og ikkje minst: “Farleg ferd”, som handlar om mange av dei tragiske forlisa ved den lunefulle Sunnmørskysten. Det blir mest det siste han vil fortelje om ved Runde Miljøsenter søndag 31. oktober. Ikkje berre om Akerendam og Arisan, men også om andre forlis, om godt sjømannskap, mannsmot og handlekraft i kamp mot naturkreftene.

Det sjølvsagt blir høve til å kjøpe signerte bøker av forfattaren. Det nærmar seg jul...

Ellefsen er ein engasjert og dyktig forteljar, dette trur vi blir veldig kjekt! Kafeen er open med middagsservering frå kl. 13. Vel møtt!

SØK

Foredragsarkiv