English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Miljøpris til Runde Miljøsenter


Fra venstre: Fylkesordførar Olav Bratland, leiar Steinar Reiten i Miljøutvalet i Møre og Romsdal, Nils-Roar Hareide,Greta Garnes og Lars Golmen. Foto: Vidar Myklebust, MR fylke.

Prisen vart delt ut av fylkesordfører Olav Bratland under første dag av fylkestingets samling i Geiranger. Det er første gong prisen delast ut.

– Vi er svært stolt, og dette er ein stor inspirasjon i det vidare arbeidet, sa Nils-Roar Hareide da han takka fylkestinget for prisen.

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar.

Den grunnleggande tanken med forskingssenteret er å etablere infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet, samt å promotere berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Senteret skal kunne nytast av forskarar både frå Noreg og utlandet, og ein ynskjer å oppnå auka fokus på dei viktige havområda utanfor Møre, som er eitt av dei viktigaste gytefelta i norske farvatn. Senteret har fått brei politisk støtte.

Miljøprisen skal delast ut kvart år til ein person, bedrift eller organisasjon som har gjort ein særlig fortenestefullt arbeid innanfor områda berekraftig utvikling, klima, alternativ og fornybar energi, forureining og biomangfald. Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og ein sjekk på 15000 kronar.

SØK

AKTUELLE LENKER

Omtale i M&R fylke

Omtale i Sunnmørsposten

Omtale på NRK si nettside

Omtale i Vikebladet

Omtale i Tidens Krav