English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Frå NRK til Runde Miljøsenter

06. september 2010


May Britt Haukaas.   Foto: Stig Morten Waage

May Britt Haukås er tilsett som prosjektleiar formidling ved Runde Miljøsenter frå 16. august 2010. Hovudarbeidsområdet er det planlagde opplevings- og informasjonssenteret, der Rundeskatten blir ein del av innhaldet.

Dei siste 18 åra har Haukås jobba i NRK Møre og Romsdal, der ho mellom anna har hatt ansvaret for det populære innringingsprogrammet Naturtelefonen. Ho har også vore programleiar i Norge Rundt, og har gitt ut to bøker med historier frå Naturtelefonen. Ho har no eitt års permisjon frå NRK.

Formidling av kunnskap om miljøet på og utanfor fugleøya er ei viktig oppgåve ved Runde Miljøsenter. Å halde foredrag om dette blir ein del av jobben til Haukås, og også å vise fram bygget og orientere om dei miljøvennlege løysingane. Runde Miljøsenter er eit Enova forbildeprosjekt.


SØK