| Frå Maki til miljøsenteret
22.
desember 2010
Rita Bakke (26) frå Eggesbønes er tilsett som kokk i full stilling ved Runde Miljøsenter. Ho har tidlegare arbeidd åtte år ved fiskerestauranten Maki i Fosnavåg, og har som mål at også miljøsenteret skal bli kjend for den gode maten.

Rita Bakke er freistar med smakfulle rettar på Runde.
Foto: Rocco Schwalm, Runde Miljøsenter
Det var eigentleg litt tilfeldig at det vart matlaging som vart yrkesvegen til Rita Bakke.
- Eg har aldri angra, seier ho med eit smil. Ho tok utdanninga si ved Herøy vidaregåande skule, og seinare ved fagskulen på Sjøholt.
Læretida gjekk ho ved fiskerestauranten Maki i Fosnavåg, og der fekk ho også fast jobb som faglært kokk. Til saman åtte år vart det, før den populære restauranten stengde dørene. No er det gjestane ved Runde Miljøsenter som får nyte godt av kokkekunsten hennar.
- Eg har lært mykje om fiskerettar, men likar også å lage anna slags mat, seier ho. Uansett så skal maten ho serverer smake godt og sjå lekker ut. Dei nye menyane ho har sett opp er klare, her har gjestane mykje godt å velje mellom.
|