|
Oppsummering av International Coastal Cleanup
på Runde 2009

På knapt 3 km blei det funne meir enn 400 kg søppel.
Foto: Dorothea Kohlmeier
Først og fremst TUSEN TAKK til alle som var
med! Alle fortener ei stor takk, både dei som var med
på å samle ting i fjøra, dei som var med
på å sortere tinga etterpå, og dei som baka
kaker på førehand.
På laurdag, 19. september 2009, var det altså
International Coastal Cleanup-dag. Rundt omkring i heile verda
var folk med og samla inn søppel i strandsona. På
Runde møtte ca. 20 personar opp ved Runde Miljøsenter
for å rydde opp langs sørkysten av øya.
På knapt 3 km fann vi meir enn 400 kg søppel,
som har samla seg i Runde-fjøra på dei 4 månader
som har gått sidan førre søppelrydding
på Runde.
Vi fant mange forskjellige ting, både morosame og meir
alvorlege. De 5 tinga vi fann mest av var fiskegarn, tau,
reimar, presenning og plastposar. Den mest morosame tingen
var ei skyggelue med påskrifta: ”saving the world”.
Langt meir alvorleg var det at vi fann rundt 35 kg asbest
i fjøra. Generelt ser det ut til at folk på somme
plassar held fram med å bruke fjøra for å
kvitte seg med søppel frå heimen, sjølv
om det ikkje lenger er lovleg. Det vart funne fleire bålplassar
med restar av smelta plast og metall, og til og med rester
av ein madrass.
Søppel som kjem til havet kan være veldig farleg.
Plast er den største gruppa. Medan ved og andre organiske
stoff blir brotne ned av mikroorganismar som f.eks. bakteriar,
blir plast berre delt opp i mindre deler, den forsvinn ikkje.
Disse mikroskopiske plastdelane liknar veldig mykje på
plankton. Plankton er mikroskopiske algar og små dyr
som flyt i vatnet, og det er næringsgrunnlag for alt
liv i havet. Men dersom det er plastdelar i staden for algar
og krepsdyr i planktonet, så betyr det at organismar
som lever av plankton et store mengder plast. Slik samlar
plasten seg i næringskjeda og kjem på den måten
tilbake til oss menneske igjen. Plast inneheld mange giftige
stoff som løyser seg i vatn. Mange av desse stoffa
verkar som hormon, og kan dermed føre til forstyrringar
i hormonsystema til ulike dyr.
Vi forventar å utvide aksjonen neste år, og vi
ønskjer å samarbeide med skulane og kommunen
om dette prosjektet.
Oversikt over dei viktigaste stoffgruppene
og mengde vi har funne av dei:
|
Plast |
Restavfall |
Metall |
Flyteelement |
Ved/Pallar |
Spesialavfall |
|
79,5 kg |
120,5 kg |
27 kg |
10 kg |
137 kg |
55,5 kg |
Bilder frå aksjonen

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Dorothea Kohlmeier

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman

Foto: Lise Chapman
|