|
Klart for etablering av kompetansesenter for
fornybar energi på Runde
Det nærmar seg oppstart på etablering av kompetansesenteret
for havenergi på Runde. Fylket løyvde nyleg oppstartsmidlar
til dette, sjå
Fylkets innstilling og vedtak her.
Kompetansesenteret på Runde vil verte eit av tre sentra
i fylket, der Smøla skal fokusere på vindenergi
og Tingvoll på bioenergi.
Løyvingane kjem som resultat av forprosjekt for kvar
av lokalitetane gjennomført våren 2009, og der
innhald og finansiering m.m. vart gjennomgått. På
Runde vil ein fokusere på bølgeenergi, tideenergi
og varmeenergi frå havet, med supplement på osmosekraft
og andre/nye energiformer. Sjå
forprosjektrapporten for utfyllande informasjon. Vi ser
for øvrig for oss eit betydeleg samarbeid mellom dei
tre sentra når drifta er komen i gong.
Personar som kan tenkje seg å arbeide i kompetansesenteret
eller bidra med idear, innhald og tilrettelegging kan ta kontakt,
sjå meir under Ledig
Stilling
Leiaren for kompetansesenteret er Martin Jung Leine
|