|
”Frå vogge til vogge” på
Runde
20. mars 2009
Runde
Miljøsenter profilerer Runde som berekraftig øysamfunn
i EU-prosjekt.
Innan 20 år vil Runde og 9 andre øyar i Europa
kunne vere sjølvforsynande når det gjeld vatn,
energi og råstoff. Runde Miljøsenter deltek i
eit nytt EU-INTERREG-prosjekt der berekraftig utvikling og
bruk av ressursar er nøkkelord. Øykommunar og
forskingsinstitutt frå Nederland, Storbritannia, Tyskland,
Danmark, Sverige og Noreg deltek i dette prosjektet, som har
eit omfang på 32 millioner kroner. Frå Noreg er,
i tillegg til Runde Miljøsenter, også Vågan
kommune i Lofoten representert. Oppstartmøte for prosjektet
var i februar hos prosjektleiinga i Leeuwarden, Nederland.
Øya Runde og Runde Miljøsenter vil vere showcase
for berekraftige metodar som kan bli modellar for andre øyar
over heile verda. Utgangspunktet er den innovative og revolusjonære
metoden ”Cradle to Cradle” (vogge-til-vogge),
som kastar eit nytt lys på berekraftig utvikling. Ein
skal ikkje berre handle mindre dårleg – ein skal
handle bra.
Grunnleggaren av C2C-metoden, Michael Braungart frå
det tyske EPEA-instituttet, legg særleg vekt på
at ein skal utvikle og produsere produkt som er trygge for
helse og miljø, og som etter bruk kan nyttast som næringsstoff
for natur og/eller industri. Det vil seie at produkta kan
bli ført tilbake i næringskjeda utan å
late etter seg avfall.
Basisprinsippet for C2C er relatert til naturreglane: å
eliminere avfallskonseptet (vogge til grav) totalt, og i staden
sjå på avfall som ressurs (vogge til vogge), i
tillegg til å styrke bruk av fornybar energi, og feire
diversitet.
Runde Miljøsenter ser store moglegheiter i dette prosjektet,
som òg vil fokusere på små øyars
samfunnsproblematikk, som avfolking, minkande servicetilbud,
og eit reiseliv som er basert på en kort sesong. Via
prosjektet blir det utvikla eit stort internasjonalt samarbeid
med samfunn som opplever like problemstillingar, og som har
same mål om å snu ein negativ spiral til ein positiv.
Ei øy som Runde vil kunne vise styrken ved eit lite
samfunn, og bli eit forbilde for andre øyar.
Hausten 2009 skal deltakande øyrepresentantar frå
heile Nordsjøområdet kome saman for andre gong,
og ein vil då møtast på Runde.
For meir informasjon om prosjektet ta gjerne kontakt med
Runde Miljøsenter:
Annelise Chapman
lise@rundecentre.no
marinbiologi, kystøkologi, miljøovervåking
Mob: + 47 90 75 05 01
Dir: +47 70 08 08 03
Eller sjå på RMS- og prosjektwebsider:
Lenkjer

|