English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Kulinarisk oppleving på Runde

06. oktober 2011

Dei har diskutert og planlagt, valt og valt vekk: Det ligg mykje omtanke bak den spesielle menyen kokkane ved Runde Miljøsenter har komponert til teatergjestane ved senteret den 14. oktober.

Denne fredagskvelden inviterer sentret for første gong til ei kombinert teater- og matoppleving. Teatret Vårt framfører "Helg" av Torvald Sund, til musikk av Henning Sommero i storsalen kl. 18. Etter framsyninga blir bufféten servert i kafeen for dei som har meldt seg på.

Mat frå havet

Rita Bakke og Silje Mari Skorpen-Nygjerde har ansvaret for menyen og serveringa denne kvelden. Begge kan dette med sjømat, og det er det det handlar om denne kvelden, både i teaterframsyninga og i middagen etterpå. "Buffét i havgapet – med innslag av sild" har dei kalla festmenyen, der dei aller fleste råvarene er henta frå havet.

Tapasinspirert

- Det blir litt inspirert av tapas, fortel dei, men vil ikkje røpe så veldig mykje meir. Litt av vitsen er at gjestane skal vere nysgjerrige og lystne på å smake på dei mange ulike rettane. Men dei seier at dette blir ein middag for dei som er glade i sjømat. Både skaldyrsuppe, scampi, blåskjel og andre små rettar med skaldyr - og sjølvsagt sild – blir å finne på buffétbordet. Og godt heimebaka brød.
Kokkane har også plukka ut passande vin som godt følgje til maten, for dei som ønskjer det.

Kan velje

Det er avgrensa med plassar til middagen ved Runde Miljøsenter fredag 14. oktober, og derfor bindande påmelding. Folk kan anten kjøpe ein fellesbillett som inkluderer både teater og middag, eller velje berre ein av delane. Vin til maten kjem i tillegg til billettprisen. Billettar berre til teaterframsyninga kan også kjøpast i døra.
For dei som vil gjere dette til ei heil helg med gode opplevingar på Runde, har miljøsenteret lekre leilegheiter ledige for utleige.
Siste frist for påmelding til middagen er onsdag 12. oktober.

Runde Miljøsenter
Fredag 14. oktober kl. 18.
Billett teater og buffét: Kr. 590,- pr. pers. Drikke til maten er ikkje inkludert i prisen.
Billett berre til teaterframsyninga: Kr. 200,-

SØK