English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Miljøsenteret på Statsbudsjettet

22. august 2011

Runde Miljøsenter får 900 000 kroner over Statsbudsjettet i år. Det fortalde stortingsrepresentant Snorre Valen (SV), medlem i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, då han besøkte senteret i dag. Han kom med nyheita i lag med Ingrid Opedal, 2. kandidat til fylkestinget for SV, og Marte Skrede Hide, 1. kandidat på SV-lista i Herøy. - Og det som manglar på ein million, skal Marte og eg skaffe!, lovde Ingrid Opedal.

I lag med mellom andre Svein Gjelseth (Ap) har ho jobba iherdig for å få miljøsenteret inn på Statsbudsjettet.
- Desse pengane er ei eingongsløyving, og de kan søke om meir til neste år. I tillegg er det eit mål at senteret skal få faste statlege driftsløyvingar, og det skal vi jobbe på alle plan for å få til, sa Snorre Valen. Han fortalde at det er stor begeistring i Miljøverndepartementet over senteret og det arbeidet som blir gjort der.

Dagleg leiar i Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide, er svært glad for løyvinga, sjølv om den er mindre enn det senteret søkte om.
– Det er ein milepæl for oss at vi no er komne med på Statsbudsjettet, det er eit kvalitetsstempel som viser at det er tru på oss og det vi arbeider med, sa han.

Pengane skal brukast til å gå i gang med realiseringa av eit informasjons- og opplevingssenter i 2. høgda i hovudbygget. Her blir Rundeskatten ein viktig attraksjon, men andre viktige tema som havstraumar og det økologiske samspelet, fugl og fuglefjell, fiskeressursar, energi frå havet, los- og fyrhistorie og forskingsformidling skal òg vere med.

Informasjons- og opplevingssenteret er kostnadsrekna til 10 millionar kroner. Med tidlegare løyvingar frå Sparebanken Møre, Herøy Næringsforum og Møre og Romsdal fylke er det no finansiert med 2,3 millionar kroner. Målet er å opne delar av det til påske neste år.


Snorre Valen får informasjon om bølgjemåling av Nils-Roar Hareide. Foto: May Britt Haukås

Omvising i utstillinga av Rundeskatten er obligatorisk for besøkande ved Runde Miljøsenter! Frå venstre: Ingrid Opedal, Snorre Valen, Marte Skrede Hide og Nils-Roar Hareide. Foto: May Britt Haukås
SØK