English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Runde Miljøsenter er "Årets nyskaper" 2011

18. november 2011

Runde Miljøsenter er kåra til "Årets nyskaper" 2011. Det var ein stolt og glad Nils-Roar Hareide som tok imot prisen på Sunnmørskonferansen i Ålesund torsdag 17. november. Skikkeleg rørt vart han først då han kom heim og kunne tenkje gjennom kva denne prisen betyr.

- Tenk på all den kreativiteten og nyskapinga som finst i regionen. Det at juryen valde å gi prisen til Runde Miljøsenter, betyr at dei ser det vi har gjort så langt, og at dei trur på oss. Det er ei stor ære, seier forskingsleiar Nils-Roar Hareide.

Ikkje luftslott
Det var ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, som delte ut prisen. Ho fortalde at miljøsenteret også var nominert til prisen for to år sidan, då senteret var heilt nystarta. Den gongen valde juryen å gi prisen til Odim, dei var slett ikkje sikre på at Runde Miljøsenter var liv laga, dei frykta det var eit luftslott.

- Men i løpet av dei to åra som har gått, har miljøsenteret innfridd forventningane våre. Dei har vore framsynte, vist vilje og handlekraft, og i høgste grad klart å kombinere innovasjon med miljøsatsing, sa Relling Berg om juryen si grunngjeving.

- Senteret skaper store positive ringverknader for heile regionen, og har sett Sunnmøre på kartet også internasjonalt. Runde Miljøsenter har vist at dei blir viktig for Nordvestlandet i åra framover, heldt ho fram, før ho overrekte prisen til Nils-Roar Hareide.

Stor aktivitet
Typisk nok var han åleine om å ta imot prisen på vegne av senteret.

- Ingen andre kunne vere med, alle var anten ute i forskingsoppdrag, på forskingskonferanse i utlandet eller opptekne med arrangement på senteret, fortel han.

Det er 12 tilsette ved miljøsenteret så langt, fordelt på forskingsavdelinga, formidling og kurs-konferanse-overnatting.

- Men vi har som mål å tilsette fire nye forskarar i løpet av dei to neste åra, fortalde han i takketalen under prisutdelinga. Nettopp dei tilsette og innsatsen deira framheva han som avgjerande for at miljøsenteret har lukkast.

- Vi har ein god stab med flinke folk på alle dei tre områda vi jobbar med, sa han. Kjerneområdet er miljøforsking, der målet altså er å auke aktiviteten i åra framover. Runde Miljøsenter er bygd med alle fasilitetar som trengs for å vere vertskap for forskarar frå heile verda som vil kome til Runde for å arbeide. Norsk institutt for vannforsking (NIVA) er allereie etablert med to forskarar som har fast kontorplass ved senteret.

- Vi har tatt eit privat initiativ på vegne av det offentlege, ingen andre er galne nok til å gjere noko slikt, sa han, og takka også Herøy kommune, fylkeskommunen og lokalt næringsliv for viktig støtte i arbeidet med å bygge opp senteret.

Kunnskapsdeling
Formidling av kunnskap om dei store og viktige naturressursane i området er også ei viktig oppgåve for senteret.

- For å kunne vere med å bestemme, ta ansvar og handle, må folk ha kunnskap, slår Hareide fast.

Ei utstilling av Rundeskatten vart opna til påske 2011, og arbeidet med å lage fleire utstillingar er i gang. Målet er å bli eit nasjonalt senter for sjøfugl, og å ha første utstillinga ferdig til påske 2012.

Flinke kokkar
Runde Miljøsenter er også i ferd med å etablere seg på kurs- og konferansemarknaden. Stadig fleire bedrifter, organisasjonar og private har erfart at senteret både er ein eksotisk og praktisk stad for arrangement, og særleg haustar den gode maten mange lovord. Åtte moderne leilegheiter med sengeplass for inntil 40 personar gjer at også arrangement over fleire dagar kan leggast hit.

Feiring
Det er dagen "derpå". Gleda over nyskaparprisen pregar aktiviteten ved Runde Miljøsenter, sjølv om ikkje alle er til stades på senteret denne dagen heller. Men dei som er der skal feire – ei lita stund. Eit stort arrangement i helga skal førebuast, og nye forskingsoppdrag planleggast. Som det vart understreka fleire gongar under Sunnmørskonferansen: Det er handling som tel. Men smila, dei er på plass.

Fakta om prisen
"Årets nyskaper" er ein næringslivspris som er oppretta for å løfte fram bedrifter på Sunnmøre og Nordvestlandet som arbeider med utvikling og nyskaping, og som særleg har fokus på miljø. Dei som står bak prisen er Sunnmørsposten, Ålesund Kunnskapspark, Ålesund handelskammer og bankane Nordea, Sparebanken Møre og Sparebank1.



Dei tilsette ved Runde Miljøsenter gler seg over prisen. Foto Runde Miljøsenter

Ein lykkeleg Nils-Roar Hareide med prisen. Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, i bakgrunnen.

Nils-Roar Hareide med skulpturen laga av Terje Fagermo.
SØK