English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

 

Første akt ferdig

02. mars 2011

NRK sitt vaffelhjerte-team på Runde MiljøsenterStaben i NRK Super som lagar TV-serien Vaffelhjarte var godt nøgde med første opptaksperioden.
Foto: May Britt Haukås

Alt har gått som smurt, til og med veret har spelt på lag med NRK Super under første delen av opptaka til TV-serien "Vaffelhjarte". Stormen kom då staben drog.

I heile februar har staben frå NRK Super hatt Runde Miljøsenter og skulen på øya som base. I denne tida har dei gjort utandørsopptaka til vinterscenene i det som skal bli ein TV-serie på sju episodar.

Dei var budde på alt slags ver då dei kom, men har hatt perfekte tilhøve mest kvar einaste dag i denne innspelingsperioden. Opptaka er gjort på Runde, Remøya og Rovde. Serien skal visast på NRK Super til hausten.

Feiring
Det har vore intense og lange arbeidsdagar, så no skal staben ha fri i halvanna veke. Men så startar dei på innandørsopptaka, i studio i Oslo. Sommarscenene utandørs skal dei ta opp i løpet av to veker i juni, og då kjem heile staben tilbake til Runde.

Punktum for første opptaksperioden vart feira med festmiddag i storsalen ved Runde Miljøsenter kvelden før avreise. Det var ein fornøgd gjeng som takka for seg, for denne gongen.

 

SØK