English   Deutsch

  Hovedside
  Rundeskatten
  Prosjekt
  Leverandørane våre
  Om Verksemda
  Om RMS
  Visjon
  Bildegalleri
  Verd å vite
  Meteorologistasjon
  Overnatting
  Lenker
  Kontakt

Bengt-Olof Gustafsson har gått bort

15. desember 2011

I 1972 var Bengt-Olof Gustafsson ein av dei tre dykkarane som fann Rundeskatten. Søndag døydde han brått og uventa, ei veke før han skulle feire 70-års dagen sin.

Sommaren 2011 kom Bengt-Olof Gustafsson tilbake til Runde, 39 år etter at han fann Rundeskatten i lag med Eystein Krohn-Dale og Stefan Persson. Han var gjest ved Runde Miljøsenter i samband med NRK Schrödingers Katt sine opptak til TV-dokumentaren om funnet. Dette var også første gongen sidan 1974 at han og Eystein Krohn-Dale møtte kvarandre igjen. Kona og dottera til Stefan Persson var også med, sjølv var han forhindra frå å kome på grunn av sjukdom.

Det vart eit hjarteleg møte mellom dei to finnarane og familien til den tredje, og svært hyggelege dagar på Runde. Øya og skattefunnet har prega Bengt-Olof Gustafsson heile livet frå dei eventyrlege juli-dagane i 1972 og fram til han døydde den 11. desember. Han gav uttrykk for at han sette stor pris på å vere tilbake, og på å møte igjen gamle vener. Han likte også godt at Rundeskatten er komen tilbake til øya og utstillinga ved Runde Miljøsenter.

TV-dokumentaren om Rundeskatten vart vist på NRK1 1. desember, og skal sendast i svensk fjernsyn til våren. Heldigvis rakk Gustafsson å sjå den på nett-TV, og han gav uttrykk for at han var svært god fornøgd med resultatet.

 


Øystein Krohn-Dale (t.v.) og Bengt Olof Gustavsson fann straks tonen då dei møttes igjen etter 30 år. Foto May Britt Haukås, Runde Miljøsenter
SØK