 |
20. januar 2012
Nye skattar til miljøsenteret
I januar i fjor henta Runde Miljøsenter heim Rundeskatten frå Bergen. I januar i år har senteret henta skattar i Stavanger. Om alt går etter planen, blir ei ny utstilling klar for publikum til påske. Les meir |
| |
|
 |
15. desember 2011
Bengt-Olof Gustafsson har gått bort
I 1972 var Bengt-Olof Gustafsson ein av dei tre dykkarane som fann Rundeskatten. Søndag døydde han brått og uventa, ei veke før han skulle feire 70-års dagen sin. Les meir |
| |
|
 |
17. november 2011
På tokt for reint sjøvatn
Runde Miljøsenter er ein av aktørane som skal finne ut korleis det står til med vasskvaliteten i Møre og Romsdal. Denne veka er marinbiologane Lise Chapman og Roger Kvalsund på tokt ved Averøya på Nordmøre.
Les meir |
| |
|
 |
17. november 2011
Framtid i fisk
Om dei faktisk vel jobbar i fiskerinæringa når dei blir vaksne, står att å sjå. Men spennande dagar med mykje interessant informasjon fekk dei i alle fall, 10. klassingane som nyleg var ei veke på leir på Runde.
Les meir |
| |
|
 |
15. november 2011
Rundeskatten på TV
Dokumentarfilmen om Rundeskatten er snart ferdig. Torsdag 1. desember blir den vist på NRK1 kl. 19.45
Les meir |
| |
|
 |
11. november 2011
Nominert til "Årets nyskaper"
Runde Miljøsenter er nominert til prisen "Årets nyskaper", som blir delt ut på Sunnmørskonferansen 17. november. Dette er andre gongen senteret er nominert. Les meir |
| |
|
 |
09. november 2011
Ny leiar ved miljøsenteret
Tor Sindre Steinsvik (55) er tilsett som ny dagleg leiar ved Runde Miljøsenter. Han seier det er ei kjempeutfordring, og at han gler seg til å ta fatt.
Les meir |
| |
|
 |
11. oktober 2011
Teatersuksess på miljøsenteret fredag
Teaterframsyninga "Helg" har samla stappfulle hus og hausta latter, tårer og strålande tilbakemeldingar på turneen i Trøndelag. Fredag 14. oktober blir stykket vist i storsalen ved Runde Miljøsenter. Les meir |
| |
|
 |
10.oktober 2011
Vaffelhjarte på TV fredag 14. oktober
Odd Nordstoga las boka "Vaffelhjarte" av Maria Parr for borna sine. Han vart så rørt at han kontakta NRK og bad om å få lage musikken, då han høyrde at boka skulle bli TV-serie. Fredag 14. oktober er det sendestart på NRK Super.
Les meir |
| |
|
 |
06. oktober 2011
Kulinarisk oppleving på Runde
Dei har diskutert og planlagt, valt og valt vekk: Det ligg mykje omtanke bak den spesielle menyen kokkane ved Runde Miljøsenter har komponert til teatergjestane ved senteret den 14. oktober. Les meir |
| |
|
 |
05. oktober 2011
Teater med noko attåt
Det blir godbitar for både kropp og sjel ved Runde Miljøsenter fredag den 14. oktober: Først ei teaterframsyning forankra i kystfolket sin kvardag – og så mat frå den same kysten etterpå. Les meir |
| |
|
 |
27. september 2011
Konferanse i Tallinn om sikker sjøtrafikk: EfficienSea
Fra tirsdag til fredag i forrige uke møttes nærmest 100 delegater fra hele Østersjøområde i Tallinn, Estland for å oppsummere arbeidet med å lage sjøtrafikken mer effektiv og sikker. Les meir |
| |
|
 |
26. september 2011
Menneska og båten
- Der menneska er, der er båten! Men når starta menneska å bruke båt, korleis såg dei ut, og kva vart dei brukte til? Det får dei vite som kjem til Runde Miljøsenter søndag 2. oktober. Roald Sporstøl held det siste søndagsforedraget denne sesongen. Les meir |
| |
|
 |
20. september 2011
Nytt lakseeventyr?
I boka si "Lakseeventyret" fortel forfattar og ihuga laksefiskar Svein Aam m.a. om det eventyrlege fisket i sjøen og elvar som Bondalselva og Ørstaelva på 70-talet. Søndag held han foredrag ved Runde Miljøsenter. Les meir |
| |
|
 |
13. september 2011
Fuglefjellet i fokus
Reinska oteren Skarveura for ungar i år igjen? Har fleire havørnpar hekka på Runde denne sesongen? Søndag kjem Alv Ottar Folkestad til Runde Miljøsenter for å halde foredrag om årets hekkesesong i fuglefjellet. Les meir |
| |
|
 |
09. september 2011
Jazz for miljøet
Laurdag inviterer grendelaget og husmorlaget til Miljørock for andre gong. Ytre Suløens Jass-ensemble sa ja til å halde ein friskluftkonsert som eit handslag til miljøsenteret og arbeidet for meir kunnskap om det som skjer i naturen. Les meir |
| |
|
 |
01. september 2011
Spennande foredrag
Å gjere opp status for årets hekkesesong i fuglefjellet på Runde, er sjølvsagt når Runde Miljøsenter inviterer til søndagsforedrag. Utviklinga av båten frå oldtida til i dag, og kva den har betydd for menneska, er eit anna tema som vil interessere mange. Les meir |
| |
|
 |
22. august 2011
Miljøsenteret på Statsbudsjettet
Runde Miljøsenter får 900 000 kroner over Statsbudsjettet i år. Det fortalde stortingsrepresentant Snorre Valen (SV), medlem i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, då han besøkte senteret i dag.
Les meir |
| |
|
 |
18. august 2011
Garnfangst
Bård Kopperstad fekk meir enn fisk då han fiska ved fuglefjellet på Runde torsdag. Ei lenke gamle torskegarn er no fjerna frå Liafluda.
Les meir |
| |
|
 |
27. juli 2011
Rundeskatten ny turistmagnet på Runde
Norske og utanlandske tilreisande strøymer til for å høyre historia om Rundeskatten og sjå utstillinga ved Runde Miljøsenter. Meir enn 5 000 har vore på besøk sidan opninga i påska.
Les meir |
| |
|
 |
13. juli 2011
Ledig stilling for rett person
Har du eit ryddig hovud,
er god på økonomi og marknadsføring,
har godt humør og erfaring frå kurs-
og konferanseavdelinga på eit hotell? Då er
du kanskje akkurat den personen vi har bruk for. Les
meir
|
| |
|
 |
5. mai 2011
Jubel over støtte
Gleda var stor ved Runde Miljøsenter då meldinga kom om vedtaket i Nærings- og miljøutvalet i fylket: Forskingsavdelinga får nær ein million kroner til utvikling av avdelinga. Les meir |
| |
|
 |
2. mai 2011
Rundeskatten og silda på P1
Dei som var tidleg oppe og høyrde på P1 på radioen søndag 1. mai, fekk lære mykje om rikdommane i havet utanfor Runde. "Naturens Verden" har vore på besøk. Les meir |
| |
|
 |
29. april 2011
Dokumentarfilm om silda
Besøkande ved Runde Miljøsenter blir imponerte over informasjonen dei får om verdas største sildebestand. Fotograf Are Pilskog blei så inspirert at han no lagar dokumentarfilm om havets sølv. Les meir |
| |
|
 |
27. april 2011
Enorm interesse for skatten
Sjølv dei mest optimistiske prognosane viste seg å vere for forsiktige: Nesten to tusen personar besøkte utstillinga av Rundeskatten i påska!
Les meir |
| |
|
 |
14. april 2011
Utstillingsopning med overraskingar
Ein halv million kroner og eit handtak som kan stamme frå Akerendam: Den offisielle opninga av utstillinga av Rundeskatten inneheldt store overraskingar.
Les meir |
| |
|
| Nyheitsarkiv |
|