|

Velkomen til Runde Miljøsenter
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon,
eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar
og konferansar. Den offisielle opninga var i oktober 2009. Senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde,
og har det fremste innan miljøteknologi. Heilt frå dei første teikningane har det vore fokus
på miljøvennlege byggemateriale, energieffektivitet,
vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.
Den grunnleggande tanken med forskingssenteret på Runde
er etableringa av
infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet,
og å promotere berekraftig
teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Samarbeid med lokalt næringsliv om utvikling av miljøvennleg teknologi er eit satsingsområde. Senteret blir også brukt av forskarar både frå Noreg
og utlandet. Det er eit mål å oppnå auka fokus
på dei viktige havområda utanfor Møre,
som er eitt av dei viktigaste gytefelta i norske farvatn.
Senteret har kontor, laboratorium og åtte
leilegheiter for utleige. Hovudbygget har også eit velutstyrt auditorium og kafé.
Eit informasjons- og opplevingssenter blir etablert i 2. høgda i hovudbygget. Det skal vise dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet,
og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton. Historia om forliset til ostindiafararen "Akerendam" og Rundeskatten blir ein sentral del av utstillingane, og også temaet energi frå havet og los- og fyrhistorie.
Bygget er energiøkonomisk, og bygd som eit
«forbildeprosjekt» i samsvar
med Enova sine reglar. Runde Miljøsenter disponerer også ei sjøbud på 600 kvadratmeter
brutto areal med kaianlegg på Runde hamn.
Senteret har brei politisk støtte, både
frå Herøy kommune, Regionrådet
og Møre og Romsdal fylke. Næringslivet i regionen
har òg gått inn med betydeleg kapital i
prosjektet.
Om Runde
Runde har det sørlegaste fuglefjellet i Noreg. I tillegg til mange andre artar, hekkar omlag 100 000 par lundefugl her. Dette er det einaste fuglefjellet sør for Træna som har lundefugl. Også havsule, storjo og toppskarv er etablerte med store bestandar i hekkesesongen.
I området ved Runde er det fleire viktige miljøtypar,
som gruntvassområde, djupe fjordar og kontinentalsokkel.
Kontinentalskråninga ligg om lag 50 kilometer utanfor
øya og går ned til 3000 meters djup.
Området er hovedgyteområde for Norsk Vårgytande
Sild og er mellom dei aller viktigaste gyte- og oppvekstområda
for sei, hyse og torsk. Egg og larvar driv frå gyteområda
utanfor Runde til oppvekstområda i Norskehavet og Barentshavet.
Naturområda ved Runde er sårbare
og viktige, og interessante for forsking. Runde Miljøsenter
tilbyr fasilitetar og infrastruktur som gjer regionen
til ein attraktiv lokalitet for fleire forskingsdisiplinar, som til dømes biologi,
oseanografi, meteorologi, forureining og miljøteknologi.
Kontordelen
Kontora ligg i 2. etasje i den vestlegaste fløya.
I tillegg til seks kontor, er der
fleire opne kontorplassar for personar
som jobbar ved senteret i avgrensa periodar.
Laboratorium (1. etasje)
Laboratoria blir brukt av gjestande forskarar, fast
tilsette og leigetakarar. Areala
på til saman 320 m2 er tilpassa gjeldande krav
for laboratorieverksemd.
Laboratoriedelen er delt opp i to seksjonar. Våtlab-delen
blir brukt til
arbeid med bearbeiding av prøver frå sjøen
osb. Der er benkar, vaskar og sluk i golvet. Våtlaben er ein del
av det som skal bli vaskestasjonen for oljeskadd fugl. Tørrlaben blir brukt til annan lab-aktivitet.
Leilegheiter
Senteret har åtte moderne leilegheiter på 67 m2. Dei blir leigd ut til gjestande forskarar, turistar, gjester på senteret og andre. Kvar leilegheit har sengeplass til 5 personar, fordelt på to soverom og dobbel sovesofa på stova. Det er lagt opp til sjølvhushald, og kjøkkenet er m.a. utstyrt med oppvaskmaskin og stort kjøleskåp. Bada har varmekablar i golvet, og alle leilegheitene har storslagen utsikt til sjøen.

Kafé/restaurant
Kafeen har plass til omlag 60 personar,
men kan ta imot opptil 100 ved arrangement.
Auditorium
Auditoriet har plass til 60–80 personar ved kurs og konferansar, og er godt utstyrt med videokanon og lydanlegg.
Infosenteret
Aktiviteten i forskingstasjonen skal spegle seg i informasjons- og opplevingssenteret som skal etablerast. Prosjektet er
m.a. støtta av Møre og Romsdal Fylke og Herøy
Næringsforum.
Infosenteret vil innehalde ulike servicetilbod til besøkande.
Utstillingsdelen vil
fokusere på informasjon om miljø, klima, naturen
på øya, næringslivet i regionen
m.m. Det blir ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725,
og Arisan-forliset i
1992. Energi frå havet og spesielt bølgjekraft blir også viktige element.
Kart


Kart over sjøområda
ved Runde.

Gyteområde for hyse (a), sei
(b) sild (c) og torsk (d) (Kilde: Havforskingsinstituttet,
Bergen).
|